Zechariah 12

Ei framsegn, Herrens ord um Israel. So segjer Herren som spana ut himmelen, grunnfeste jordi og skaper ånd i mannebarm: Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring, og jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett. På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle dei som lyfter på honom, skal riva seg sund, og alle folki på jordi skal flokka seg imot det. På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestarne med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestarne åt folki slær eg med blindskap. Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: «Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers drott, deira Gud.» På den dagen skal eg lata ættehovdingarne i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring; men Jerusalem skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem. Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, skal få større heider enn Juda. På den dagen skal Herren halda skjolden sin yver deim som bur i Jerusalem, og den veikaste stakkaren millom deim skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre deim. Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidningfolki som fer imot Jerusalem. 10 Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen. 11 På den dagen skal jammeren verta stor i Jerusalem liksom jammeren ved Hadadrimmon på Megiddosletta. 12 Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus for seg og deira kvinnor for seg, 13 ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime’is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg; 14 like eins alle dei andre ættgreinerne for seg og kvinnorne deira for seg.
Copyright information for NorSMB