Zechariah 13

På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for deim som bor i Jerusalem til å tvætta av synd og ureinskap. Og på den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal eg rydja ut namni på avgudsbilæti or landet, so ingen meir skal minnast deim, ja, ogso profetarne og den ureine åndi skal eg senda ut or landet. Og um nokon sidan gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til honom: «Du kann ikkje få liva; for du hev tala lygn i Herrens namn.» Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga honom ned når han gjev seg til å spå. På den dagen skal alle profetarne skjemmast ved synerne sine når dei spår, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga. Men kvar og ein av dei skal segja: «Eg er ikkje nokon profet. Ein jorddyrkar er eg. Ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.» Og um ein spør honom: «Kva er det for nokre sår du hev der på bringa di?» so kjem han til å svara: «Deim hev eg fenge i huset hjå venerne mine.» Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær, segjer Herren, allhers drott. Slå hyrdingen, og lat sauerne spreidast, og eg skal hava handi mi mot dei små. Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; men ein tridjepart skal leivast der, og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk;» og dei skal svara: «Herren er min Gud.»
Copyright information for NorSMB