Zechariah 3

So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom. Men Herren sagde til Satan: «Herren skal skjella deg ut, Satan! Herren skal skjella deg ut, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne ein brand som er berga ut or elden?» Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen. Då tok engelen til ords og sagde til deim som stod framfor honom: «Tak av honom dei skitne klædi!» Og til honom sjølv sagde han: «Sjå, eg hev teke burt syndeskuldi di, og no skal du klædast i høgtidsbunad.» Då sagde eg: «Å, set ei rein huva på hovudet hans!» Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på honom klædi, medan Herrens engel stod der. Og Herrens engel vitna for Josva og sagde: «So segjer Herren, allhers drott: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine fyresegner, so skal du både få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg lov til å ferdast millom desse som her stend. Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og dine felager som sit her framfyre deg, skal vera teikn og fyrebod; for sjå, eg vil lata tenaren min, Renning koma. For sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo - på denne steinen ritar eg innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers drott, og eg taka burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag. 10 På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal kvar og ein av dykk kunna beda venen sin til gjestebod under vintreet og fiketreet.»
Copyright information for NorSMB