Zechariah 7

I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Zakarja, på den fjorde dagen i den niande månaden, i månaden kislev. Då sende Betel Sareser og Regem-Melek og mennerne hans av stad til å blidka Herren og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?» Då kom ordet frå Herren, allhers drott, til meg soleis: Seg du til alt folket i landet og til prestarne: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for meg de hev fasta? Og når de et, og når de drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk? Var det ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetarne, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i landsbyarne rundt ikring, og i Sudlandet og Låglandet like eins? Og Herrens ord kom til Zakarja soleis: Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre! 10 Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar! 11 Men dei vilde ikkje høyra, og dei sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra, 12 ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers drott, sende ved sin ande gjenom dei fyrre profetarne. Då kom det ein stor vreide frå Herren, allhers drott. 13 Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sagde no Herren, allhers drott: Eg vil ikkje høyra når dei ropar; 14 men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.
Copyright information for NorSMB