Zechariah 9

Ei framsegn, Herrens ord mot Hadraks land, og i Damaskus skal det slå seg ned; for Herren hev auga med manneætti og med alle Israels ætter, ja, ogso Hamat som ligg attved, Tyrus og Sidon, so kloke dei er. Tyrus bygde seg ei borg, dunga i hop sylv som mold og gull som gateskarn. Sjå, Herren vil arma henne ut, kasta ringmuren hennar i havet, og ho sjølv skal verta til føda for elden. Askalon skal sjå det og ottast, og Gaza vrida seg i stor rædsla; likeins Ekron, av di hennar von hev vorte til skammar, Gaza skal missa kongen sin, Askalon skal verta folketom. Og Asdod skal hysa berre herk; ja, eg vil gjøra enda på storlætet åt filistarane. Eg vil taka blodet ut av munnen deira og styggedomen burt frå tennerne deira; og då skal dei og verta ein leivning for vår Gud. Då skal dei verta liksom ættehovdingar i Juda, og Ekron skal vera som ein jebusitarne. Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver deim; for no hev eg set med eigne augo. Gled deg storleg, du dotter Sion! Ropa av frygd, du dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg; rettferdig og frelst er han. Smålåten kjem han ridande på eit asen, på ein ung asenfole. 10 Eg vil rydja burt stridsvognerne frå Efraim og hestarne frå Jerusalem, og alle stridsbogarne skal rydjast burt; han skal tala fred til folki, og hans herrevelde skal nå frå hav til hav og frå Storelvi til verdsens endar. 11 For ditt paktblod skuld vil eg og fria dine fangar ut or brunnen der det ikkje finst vatn. 12 Vend attende til den faste borgi, de fangar som hev von! Ogso i dag gjer eg kunnigt: Eg skal gjeva deg tvifelt att. 13 For eg spenner Juda som ein boge, fyller Efraim som eit pilehus, og dine søner, du Sion, eggjar eg mot dine søner, du Javan, og eg gjer deg lik med sverdet åt ei kjempa. 14 Ja, Herren skal syna seg yver deim, og pili hans fer ut som ein elding, Herren, Herren skal blåsa i luren og fara fram i sunnanstormarne. 15 Herren, allhers drott, skal halda skjolden sin yver deim, og dei skal gløypa, med di dei trakkar slyngjesteinar under føter; dei skal drikka og ståka som av vin og verta fulle som offerskåler og altarhyrno. 16 Ja, Herren, deira Gud, skal gjeva deim siger på denne dag; for dei er då det folket han hev teke til si hjord, og liksom glimesteinar i ei kruna strålar yver landet hans. 17 Å, kor gildt og kor fagert det er! Kornet gjev ungguten merg i bein, og druvesafti fostrar upp fagre møyar.
Copyright information for NorSMB