Zephaniah 2

Samla dykk og sansa dykk, du folk som ikkje blygjest! fyrr rådgjerdi føder - som agner fer dagen fram - fyrr Herrens brennande vreide kjem yver dykk, fyrr Herrens vreide-dag kjem yver dykk. Søk Herren alle de audmjuke i landet, som held lovi hans! Søk rettferd, søk audmykt! Kann henda vert de då livde på Herrens vreide-dag! For Gaza skal verta folketomt, Askalon til ei øydemark, Asdod-folket skal jagast ut midt på ljose dagen og Ekron rykkjast upp med rot. Usæle dei som bur i bygdi utmed havet, kretarfolket. Herrens ord er yver deg, Kana’an, Filistarland. Ja, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg. Og bygdi utmed havet skal liggja til hamnegang med gjætarbrunnar og sauegardar. Og leivningen av Judas hus skal få bygdi til sin lut, der skal dei hava beite. I Askalon-husi skal dei liggja um kvelden, når Herren, deira Gud, ser til deim, og vender deira lagnad. Eg hev høyrt svivyrdingi frå Moab og spottordi frå Ammons-borni, som dei hev svivyrdt mitt folk med og briska seg mot landet deira. Difor, so visst som eg lever, segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, skal det ganga Moab som Sodoma og Ammons-sønerne som Gomorra: Dei skal verta til netlemark, saltgruva og øydemark til æveleg tid. Resten av folket mitt skal plundra deim, leivningen av lyden min skal få deim til eiga. 10 Dette skal henda deim for deira storlæte, for di dei svivyrde og briska seg mot folket åt Herren, allhers drott. 11 Fæl skal Herren vera mot deim, for han skal øyda ut alle gudarne på jordi. Alle heidninglandi skal kasta seg ned for honom, kvar frå sin stad. 12 De og, ætiopar - gjenomstungne av sverdet mitt er dei. 13 Han retter ut handi mot nord og tyner Assur og gjer Nineve til ei øydemark, til turre heidi. 14 Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive. 15 Dette er den jublande byen, som sat so trygt og sagde i sitt hjarta: «Eg og ingen annan!» Kor aud han er vorten, eit læger for villdyr! Kvar den som framum fer, blistrar og vinkar med handi.
Copyright information for NorSMB